Det kan førast opp ein fritidsbustad med ein tilhøyrande garasje/uthus på kvar tomt. Garasjar/uthus skal saman med fritidsbustaden utgjere ein heilskap i form, materialbruk og fargeval.
Maksimal utnyttingsgrad er 20% BYA, men likevel maks 200 m2 BYA der %-BYA tilseier høgare utnytting
Maksimal mønehøgd 6,0 meter over gjennomsnittleg planert terreng. For tomt nr. 7-9, 12-15, 31-36 og 41, kan ein tillate underetasje og då med maksimal mønehøgd 7,0 m over gjennomsnittleg planert terreng.
Maksimal fyllingshøgde er 1,5 m frå opphavleg terreng, målt loddrett frå fyllingstopp til opphaveleg terreng. Men likevel slik at høgdeforskjell mellom fyllingsfot og fyllingstopp ikkje overskrid 3 m.
For tomter som krev terrengopparbeiding med skjering, skal forholdet mellom fylling og skjering væra 40/60. Skjering skal målast frå opphaveleg terreng og loddrett på skjeringsbotn. I desse tilfelle vert maks fyllingshøgde sett til 2,5 meter målt loddrett frå fyllingstopp, og maks høgdeforskjell mellom fyllingsfot og fyllingstopp 4 meter.
Maksimal høgde på grunnmur er 0,5 m. Dette kravet kan fråvikast for hytter med tillate underetasje.
Areal for parkering av 2 bilar pr. bueining skal opparbeidast innanfor eige tomt.
Areal som ikkje vert bygd ned skal i størst mogleg grad vera urørt og behalde eksisterande vegetasjon.
Gjerde er ikkje tillate, med unntak av sikringsgjerde mot bratte parti. Eventuelle sikringsgjerde skal ha mørke fargar for best mogleg landskapstilpassing.
Ta kontakt med oss
Velkommen til tomtevisning. Tomtene er godt og synlig merket i området
Kontakt oss for privat visning!
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å gi den en god brukeropplevelse, og for å forbedre vårt nettsted. Du godtar informasjonskapsler ved å klikke på «Jeg er enig»-knappen. Klikk "Personvern" for å lese mer.Jeg er enigPersonvern